Skulereglar for elevar ved Hjellvik Montessoriskule
Formål:
Skulen sitt regelverk skal bidra til eit godt arbeids- og læringsmiljø for elevar og tilsette ved skulen.
Omfang:
Dokumentet inneheld reglar for elevar ved skulen, og moglege sanksjonar ved brot på reglane. Reglane gjeld i skuletida, tida for open skule og SFO. Dei gjeld og ved øvrige arrangement i regi av skulen.
Reglar:
Elevane skal vise omsyn og respekt for andre og undervisninga, samt bidra til arbeidsro.
Elevane skal delta aktivt i skulearbeidet og oppgåver dei vert tildelt.
Elevane skal møte punktleg og førebudd.
Elevane skal ikkje forlate skulen sitt område utan løyve frå ansvarleg lærar. Om elevane er på tur utanfor skulen sitt område, skal dei ikkje forlate gruppa si utan løyve frå ansvarleg lærar.
Elevane skal ikkje ha med private gjenstander til skulen, med mindre ansvarleg lærar har bedt om det, eller godkjent det. Forbodet omfattar mellom anna leikar, reiskapar, tyggis, godteri, brus o.l.
Elevane skal ikkje bruke privat elektronisk utstyr, som til dømes mobiltelefon eller mobilklokker, i skuletida. Dersom elevane har bruk for utstyret etter skuletid, skal det vera avslått og liggja på tilvist, sikra stad gjennom skuledagen, inkludert SFO.
Dersom elevane syklar eller brukar liknande framkomstmiddel skal dei parkerast før skuletida startar, og hentast ut att etter at skuledagen er ferdig.
Elevane skal ikkje bruke skulen sitt utstyr til å få tilgang til innhald med vald, nakenhet eller stygg språkbruk. Vidare skal retningslinjene for det aktuelle utstyret fylgjast.
Elevane skal ikkje øydelegge bygg, inventar eller materiell, verken med overlegg eller ved uvettig bruk.
Elevane skal ikkje banna eller bruka andre ukvemsord på skulen.
Elevane skal ikkje trakassere medelevar eller vaksne.
Sjå presisering under.
PRESISERINGAR: Trakassering kan til dømes være:fotografering av andre utan samtykke
negativ eller nedverdigande omtale eller tiltale på grunn av t.d. o utsjånad, karakteristiske trekk eller slekt (rasisme), o religion eller livssyn, o kjønn eller legning. Dette gjeld munnleg, skriftleg eller ved andre utrykksmåtar, også på digitale plattformer.
valdsbruk Hjellvik Montessoriskule
mobbing
trugsmål
Sanksjonar
Skulen skal ikkje godta brot på skulereglane. Skulen kan loggføre brot på skulereglane, og følgjande sanksjonar kan takast i bruk:
A. Samtale og munnleg eller skriftleg åtvaring.
B. Melding til føresette.
C. Møte med føresette.
D. Oppmøte på skulen før eller etter skuletid for samtalar med lærar eller rektor.
E. Inndraging av privat utstyr. Dette vert levert tilbake ved slutten av skuletida same dag.
F. Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar, og eventuelt levering av desse til politiet.
G. Dersom mobiltelefonar eller anna privat elektronisk utstyr vert brukt til mobbing eller krenking av andre elevar, kan eleven nektast å ha slikt utstyr med på skulen. Skuleleiinga sender då eit skriftleg varsel til heimen.
H. Hærverk medfører at eleven må rydde opp og utbetre skaden. Det kan påleggjast at dette skal skje utanfor skuletida. Barnet og/eller føresette er erstatningsansvarlege, jamfør
Lov om skadeerstatning § 1-1 og 1-2.
I. Ved alvorlege lovbrot vil rektor vurdera å melda saka til politiet.
J. Elevar kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Føresette til eleven skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen. Jamfør
Opplæringslova §13-1 (Frå 1./8.-2024).
K. Elevar kan flyttast til ei anna gruppe eller klasse.
L. Ein grunnskuleelev kan i særlege tilfelle flyttast til ein offentleg skule i heimkommunen dersom omsynet til dei andre tilseier det. Jamfør Opplæringslova §13-2 (Frå 1./8.-2024).