Grunnlaget for utrekning av talet dagar på skuleruta

 

Elevane skal ha 190 skuledagar à 4,5 undervisningstimar pr. dag, dette utgjer 22,5 timar pr. veke i 38 veker, altså 855 timar pr. år.  

(offentleg skule: 19,5 timar pr veke i 38 veker = 741 pr. år.)

 Fredagsfri

På Hjellvik Montessoriskule får elevane 0,25 timar meir enn dei skal, kvar dag i 180 dagar = 45 timar. Vert desse fordelt på 4,5 timar pr. dag, utgjer det 10 dagar. Dette vert avspasert i det me kallar «elevfri». Desse dagane brukar dei tilsette til planlegging og samarbeid.

 Avspasering

I tillegg til elevfrie dagar, har elevane éin avspaseringsdag i året for obligatorisk frammøte på julefest og sommarfest. Skuleruta har dermed 179 ordinære skuledagar.

Elevane kan ha ulike arrangement som dei er med på i løpet av året, i tillegg til julefest og sommarfest, der dei brukar av fritida si. Skulen spør foreldra om det er greitt at elevane avspaserer for dette, og finn passande tid for det.

 

Skuldagar fordelt på månadar skuleåret 2024/2025:

August 10
September20
Oktober 17
November 19
Desember 14

Januar 20
Februar 14
Mars 19
April 17
Mai 17
Juni 12

Til saman 179